Sider

lørdag 1. september 2012

Kettlebells - FOR ei treningsøkt!

Den siste veka har gått med til jobbsykling og rockering.

Flott med jobbsykling;)

Eg prøvar å få inn ei rutine på å rocke ein halvtime annakvar dag, og så langt går det bra;) Eg har endeleg plass til å bruke heile rockeringen no. Då er han tyngre enn eg har rocka med tidlegare, men sidan den og får større omkrets vert den lettare å rocke med. Resultatet er for min del då at det følest som mindre trening sjølv om ringen er nokre gram tyngre no. Så eg skal vurdere om eg skal ta vekk ein del igjen;)

I dag drista eg meg på Kettlebellstrening på treningssenteret ( http://www.sport-treff.no/index.php?sideID=432 ). Litt spent møtte eg og til timen. Det er alltid litt spennande med nye treningsformer på eit treningssenter som er nytt for meg. Eg fekk beskjed om at eg kunne ta ei av kvar av dei to lettaste kulene (8 og 10 kg). Og når eg bar dei bort til plassen min tenkte eg to ting; "herregud, skal eg slenge rundt på desse" og "hmmm, tydeleg at eg ikkje har trena styrkje på snart to år sidan eg syns dette er tungt!". Og det at eg ikkje har trena styrkje på så lenge skulle eg snart få merke ja, for FYAMEG for ei økt. Allereie før oppvarminga var slutt svei det i låra og eg heiv etter pusten. Og verre skulle det bli - etter kun 20 minutt hadde eg forbrent 300 kaloriar! Vi "slengde" rundt på kulene, så ned i planke, så ned i pushups, så litt biceps med kule, så litt knebøy med kula, så slenge litt igjen, litt armheving igjen. Oioioi, og INGEN pauser. Fullt "kjør" i 45 minutt! Eg trudde eg skulle omkome, men veit heldigvis betre;) Etter 45 minutt kunne eg puste letta (og glad) ut, og kunne meddele instruktøren at dette var noko eg absolutt skulle prøve igjen, før eg på skjelvne bein prøvde å byte frå innesko til joggesko. Og det var ikkje lett i dag;)  For denne treninga er noko heilt anna enn alt anna eg har prøvd. Styrketrening, boksing, bootcamp...."Gå og legg dokke" - dette tek knekken på alt! Og slikt likar eg:) Det einaste eg har å utsetje på det var at det nesten ikkje svir i overkroppen, men låra svir mykje. Men det spørst om eg berre må justere vekta på Kettlebellsa for overkroppen når eg vert litt meir vande med øvelsane.


Og det beste av alt - eg merka ingenting i leggane!:D

Nerdefakta:
Gløymde å skrue på klokka, så her manglar dei første 10 minutta av timen!
Kaloriar brukt: 466.
Puls: gjennomsnitt 178. Maks 191.

No trur eg faktisk ikkje at eg får til  å gjere meir i dag, og er nesten redd for å ikkje kome meg opp av senga i morgon;) Jammen bra eg vaska badet og sette på ei maskin med kle før eg dusja og seig ned i sofaen;) God helg!

1 kommentar:

  1. Detta såg travelt ut! Kan godt ete litt godteri etter detta!

    SvarSlett