Sider

onsdag 5. september 2012

Custom fitted soles

Yes, no har eg endeleg fått sko tilpassa meg, og KUN meg;)

Var på XXL-sport ein gong i sommar, og kom over ei tilbodskorg. Der låg eit par "heat moldable custom footbeds" (les: sålar). Tja, tenkte eg. Men når eg såg prisen, OG kva dei hadde kosta før så landa dei jammen meg opp i korga mi;) Eg fekk eit par for 50 kr, og til vanleg kostar desse rundt 200-300 trur eg. KUPP! Og iallfall sidan eg veka før hadde vore på Preikestolen og diverse andre fjellturar, og tenkt så mang ein gong at "søren, desse fjellskoa er for vide!";)

No skal eg på fjelltur i helga (JIPPI! Dette gledar eg meg enormt til!) og fann ut at det var på tide å drive med litt custom fitting av fjellskosålar på kjøkenet;)

 Sålar på steikebrett, klare til steiking;) 90 grader i 2 minutt!

 Skitne fjellsko (JA, eg er IKKJE flink til å halde dei reine...FY MEG!) klare til custom fitting.

 Sålar og bein komne i skoa - 2 min med lett bøy i kne!

 Yes, fin stil;)

Voilà - custom fitted fjellsko!:D No gjenstår berre testen i helga;)
 
Slenger og med nokre bilder av frukosten min i morgon (ja, det er ikkje berre sålar som har vore på kjøkenbenken i dag;)).
 
 Grove vafler in the making!

Oppskrift grove vafler (dersom det skulle vere av interesse) (dette er til ca. 8 plater. Lag gjerne dobbel oppskrift. Eg kunne ikkje gjere det i dag p.g.a. mangel på mjølk...):
 
 
 
 
1 dl kveitemjøl
2 dl sammalt rug (evt. sammalt kveite)
1 dl havregryn
1/2 ts salt
1/2 ts bakepulver
4 dl mjølk (gjerne litt matfløyte her;))
2 egg
2 ss smør (gjerne ekte meierismør. Det likar iallfall eg;))
 
 
 
Tørt, så vått. La det svelle i 15-20 minutt:)
 
 

1 kommentar:

  1. Eg og gledar meg storveges til fjelltur! Og stas med tepassa såler, det er i mine fjellsko eg trakka med i Nepal i fjor og, dei funka iallefall ypparleg:)

    SvarSlett