Sider

onsdag 28. mars 2012

Snart i mål!

Ikkje akkurat i livet, men iallfall i "Dytt-konkurransen". "Dytt" er ei bedrift som tilbyr morsomme og enkle program for å auke den fysiske aktiviteten på arbeidsplassar. Ved hjelp av stegteljarar og registrering over ei internettside er folk over heile landet med på konkurransar arrangerte av "Dytt".

Konkurransen no er å gå over Svalbard på 60 dagar, altså gå tilsvarande 480 km på 60 dagar. Men her er det ikkje kun stegteljaren som gjeld. All aktivitet tel og dei fleste aktivitetar ein kan tenkje seg er lagt inn med "skritt i minuttet" på Dytt sine sider. T.d. fekk eg 36 000 steg for ein tretimers langrennstur. Denne konkurransen går i perioden 13. februar - 13. april. "Herr Gjennomsnitt" har eit stegsnitt på 10 000 steg for dag sidan dette er det stegsnittet som er anbefalt aktivitet for folk flest kvar dag. Dersom ein fylgjer "Her Gjennomsnitt" vil ein vere i mål akkurat til fristen 13. april.

Vi er 8 damer frå sentraladministrasjonen i kommunen som har danna eit lag i konkurransen. At vi er så mange på lag betyr ikkje at vi då kan gå kortare pr. person. Neidå, det er snittet til laget som tel. Laget vårt har eit snitt på 11 637 steg (pr. i dag). Nokre på laget held seg langt over anbefalt snitt på 10 000 steg for dag, medan andre ligg litt under dette snittet. Men alt i alt ligg vi godt an med samla målgang på laget 5. april:)

Friskus Nytun derimot skal visstnok gå i mål individuelt i morgon. Med eit stegsnitt på 13 497 steg for dag (pr. i dag) har eg gått over Svalbard på 46 dagar.



Det betyr ikkje at eg er så aktiv kvar dag altså! Men litt jamn aktivitet kvar dag i tillegg til lange og gode turar på ski/truger/sykkel o.s.v. saman med godt selskap i helgane gjer sitt til at eg er i OK aktivitet i kvardagen:) Men sjølv om målgang er i morgon må eg fortsetje å registrere steg fram til konkurranseslutt slik at snittet på laget mitt held seg ved like:)

Elles i veka har det blitt lite aktivitet....



Lang dag på jobb måndag. Måtte ha eit møte på kveldstid....

Men dagen etter vart det sunn frukost for å klare ein ny dag:



 Juice, jernekstrakt, tran, vitamintablettar og riskaker m/smøreost:)

Og i går vart det styrketrening og ein halvtime med rockering til Frustrerte fruer:








7 kommentarer:

  1. endelig surret meg til å logge på facebook så jeg kunne finne linken hehe. morsomt! kanskje jeg skulle finne frem strikkebloggen min så kan vi bli bloggvenner:p men får du like vondt rundt magen av den rockeringen som jeg får??

    SvarSlett
  2. forresten: datapoeng til deg! imponert;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, takk:D

      Ja, finn fram blogg så vi kan bli bloggvennar:p Rockeringen merkar eg ingenting til no. Når eg tok den fram i haust (etter 6 mnd pause) fekk eg skikkeleg ilt og blåmerker, men etter eit par gongar merka eg ingenting lenger:) No rockar eg ein halvtime i strekk utan å merke noko. Og eg kjenner at eg har ganske bra kjernemuskulatur etterkvart:) Hjelper godt på når eg skal sykle og sånn! Genial trening då, for eg kan sjå på fjernsyn på same tid;)

      Slett