Sider

torsdag 29. mars 2012

Ein uvanleg start på dagen = friskuspoeng til meg!

Eg hadde planlagt det allereie i gårkveld, men det betyr ikkje alltid at det blir noko av likevel....Men klokka 05.45 i dag tidleg sto eg opp, heiv på meg dei allereie framlagde kleda og før klokka var 6 var eg koma ut døra! Joggeskoa var på, pulsklokka leita etter satelittar og eg kjende at eg fekk energipåfyll berre fordi eg visste eg var flink;) Eg skulle på joggetur!

Det var mørkt (eg var ute før gatelysa kom på faktisk...Hmmmm, litt galskap kanskje?) og det REGNA, eller rettare sagt så hadde vel alle slusene opna seg. Men pyttsann - ekstra friskuspoeng til meg;)

Eg labba i veg på min "byggjefeltrunde". Her er beviset:


Jadå, mørkt bilde, men sånn er det faktisk så tidleg;) Måløy "by night".

Etter 35 minutt, 4.38 km, 83 meter høgdestigning og 275 kaloriar (jadå, eg har eit bedageleg joggetempo;)) var eg tilbake ved utgangspunktet. Mykje våtare, svett, meir sleta, men muligens med meir energi, og definitivt i betre humør!:D


Så på jobb vart det påfyll med dette før og etter lunsj:


Juice med eple, bringebær, blåbær og banan. Smaksmesssig kan den definitivt anbefalast. Og så er den jo sunn! Men slett ikkje økonomisk. Blir nok berre eit eingongstilfelle denne juicen her for meg (iallfall inntil eg vert millionær). Tè`en (green tea med intense mint) derimot kan anbefalast på alle måtar. God, frisk og sunn!

2 kommentarer:

  1. Hmm.. trur eg må prøve både jucien og teen! Høyrest kjempegodt ut. Teen har faktisk Ruth anbefalt meg før - seinast idag, men den passar jo ikkje i teboksen..... No er eg solgt! :-)

    SvarSlett
  2. Kjøp deg ein ny boks til slik tè, og ha den i skåpa;) Men ja den burde du absolutt prøve!

    SvarSlett