Sider

søndag 2. juni 2013

Sulige bakkeintervall på ein sundag!

I dag var eg så rastlaus at ikkje eingong husarbeid hjalp. Så tilslutt slapp eg alt eg hadde i hendene, snørte på meg joggeskoa og kom meg ut! Lei av å ikkje kunne jogge hadde eg bestemt meg for bakkeintervall i dag. Det er av ein eller annen grunn ikkje så gale for leggane som lengre joggeturar. Eg spaserte bestemt mot ein saftig bakke i nærleiken (hovedvegen frå sjøen og opp til E39 for de som skjønnar kva eg snakkar om ;) ). Kvalm var eg, og sikker på at dette ikkje var ein god plan, men det er noko med å gjere ting før ein får tenkt for mykje på det ;) Det vart i alt tre turar opp bakken i dag.

Kvart intervall såg slik ut:

0,6 km.
Mellom 40-50 høgdemeter (pulsklokka klara ikkje å roe seg på ei høgd når eg ikkje står lenger i ro).
Det gjev ei stigning på ca. 7,5 %

Eg klarte å ligge på ca. 4 min på kvart intervall.



Ser tydeleg intervalla både på høgdegrafen og pulsgrafen her!
 
 
Nerdefakta:
Lengd (i alt. Til og frå og): 6,29 km.
Tid: 1 time og 12 minutt.
Total høgdestigning: 193 meter.
Kaloriar brukt: 430.
Puls: gjennomsnitt: 153, maks: 190.
 
Og så vart det jo sjølvsagt tid til litt bilder og då;)
 

Klar for siste intervall!

Og når eg kom opp kom sola :)

Jammen var det krefter igjen til eit hopp og!
 




 Ein sykkel som tydelegvis har bada litt...

 
 
Slenger med litt bilder frå siste tida:
 
 Friskus på sofaen etter trykkmåling... Kompartmentsyndrom så absolutt påvist og operasjon planlagt!

 Tur til Utsira 18. mai saman med mamma og pappa :)



 "Strynereklame" på Siggjo ;)

Tur til Kattnakken. Ny pers (trur eg). 30 min opp frå parkeringsplassen. Betre skal det bli!
 
No ventar fleire spennande friskusaktivitetar framover. Stay tuned, folkens!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar