Sider

tirsdag 7. mai 2013

Kom mai, du skjønne, milde...?

Kom mai, du skjønne, milde, gjør skogen atter grønn, og la ved bekk og kilde fiolen blomstre skjønn!

Nååååja, så veldig mykje smak av vår har det vel ikkje vore enno i mai, men det tek seg nok opp!

Eg har iallfall hatt to flotte dagar ute så langt i mai.

1. mai vart nytta til "topptur" på Siggjo (topp og topp... Eg er frå indre Nordfjord... Ein fjelltopp ut ved havet her sør er ikkje det same som fjelltopp der heime ;) ). Men som sagt, 1. mai nytte eg godt av ein fridag og GRATISDAG i bommen til Bømlo! Då MÅ ein jo berre til Bømlo då! Sjølv om dagen kom med vind og storm i kasta då...

Flott tur! Og med turen opp her (som meir minna om ein tur over breen) tidlegare i vinter, var litt regn og vind berre luksus :)

"Bilvandring". Siggjo er ein av turane som er merka med "bilvandring" i Hordaland. Dette er turar som ein lett kan kombinere med bilturen. Genialt! Kvifor ikkje svippe opp på eit fjell dersom ein likevel er på ein lang køyretur gjennom Hordaland?


 Litt sånn grått i dag...

 "Vindigt"
 


Nerdefakta Siggjo:
Lengd: 4,51 km.
Tid: 1 t og 26 min (43 min opp).
Total høgdestigning: 380 m.
Puls: gjennomsnitt 167. Maks 191.
Kaloriar brukt: 705.


I dag var det klart for tur igjen. Eg skulle eigentleg på Kattnakken i sola og varmen som var meldt (?), men lavt skydekke gjorde dette heller lite freistande. I staden gjekk turen til Landåsen. Der har eg ikkje vore sidan ca. september (altså sidan eg fann ut eg ikkje kunne jogge meir)... Joggande folk som durar forbi i hytt og pine på deilege bilfrie grusvegar innover skogen har liksom ikkje freista når ein ikkje kan ta del sjølv... Men i dag var altså dagen! Etter å endeleg ha funne ut korleis ein kjem seg til løypenettet, sidan ombygging av E39 har lagt band på den vanlege tilkomsten, var eg klar for GÅtur.... Nåja, løypenettet vart for freistande, men eg veit jo eg ikkje kan jogge, så etter å ha nytta diverse meklingsknep på meg sjølv inngjekk eg eit kompromiss - eg kunne få jogge i motbakkane. Heldigvis er bakkane i Landåsen korte og bratte, noko som, eg iallfall, syns er betre for skrikande leggar enn lange, seige bakkar.

 Start på asfalt i byggjefelt.. Ikkje fullt så idyllisk...

 Såååå kom skogsvegen :)

 Kristtorn. Typisk Stord :)





 Hahaha, "smokke- og tåteflaskekyrkjegard"!



 Landåsvatnet









 Skjephaugsvatnet
 
Idyll!

 "Ehm, kvar er eg no?"

"Oooooog, på rett kjøl igjen" ;)

Dette var ein flott vårtur :) Men eg klarte no faktisk å rote meg vekk inn i løypenettet der og. Hahaha ;) (Det er vel nesten ikkje lov å seie eingong, med mi utdanning ;) ). Henta meg fint innatt, og såg på det som ein bonus at eg no har fått sett nesten heile løypenettet ;) Einaste strek i rekninga var at eg fekk ein telefon halvvegs i turen, som eg berre måtte ta. Gjekk vidare likevel, men kanskje ikkje beste måten å få maksimalt treningsutbyte på? (Og kanskje kjedeleg for ho i andre enden, der eg pesande prøvde å svare i kortast mogleg setningar);)

Hahaha, bananas-kart;)

Nerdefakta Landåsen:
Lengd: 13,93 km.
Tid: 2 t og 26 min.
Total høgdestigning: 192 m.
Puls: gjennomsnitt 147. Maks 191.
Kaloriar brukt: 868.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar