Sider

søndag 14. oktober 2012

"Duatlon" i haustsol:)

Oioioi, alt for lenge sidan sist no! Siste tida har ikkje innehelde noko spennande friskusaktivitetar. Tida har forsvunne i jobbreiser, jobbsykling og besøk (og KOSELEG er det!:)).

Litt bilder frå siste tida:

 Godt med skikkeleg, og inspirerande lesestoff når uvêret ruskar ute:)

 Feltarbeid på ein uframkomeleg fjelltopp i regn og snø;)

 Stopp opp og sjå på fargane! Idyll:)

 Dommarfullmektigsamling på Radøy. Heilt OK;)

 Radøy:)

 Ei stripe med sol i eit bleikt ansikt:)

Godt synleg jobbsyklist ein tidleg morgon:) Og attpåtil regna det ikkje denne dagen!
 
Så over til dagen i dag;
 
Vakna til soooooool og heiv på meg sykkelkleda, og oppdaga når eg kom ut at det kaaaaanskje var litt vel optimistisk med halvlang sykkelbukse i midten av oktober....Men, men, er ein friskus, så er ein friskus;) Hadde allereie i går planlagt ruta for dagen (det MÅ eg gjere, viss ikkje så får eg som regel ei litt slapp treningsøkt. Eg må ha eit MÅL). Planen var å sykle frå her eg bur, og opp til parkeringsplassen til fjellet "Kattnakken" (og diverse andre toppar). Her har eg vore før, men då køyrde eg bil til parkeringsplassen ( http://www.friskusnytun.blogspot.no/2012/08/kattnakken.html ).
 
Eg sette i gong med syklinga, og du og du for nokre bakkar! Kan vel seie at det var så og seie jamn, gooood stigning det meste av vegen (omtrent som å vere heime i Blaksetbygda på sykkeltur gitt;)). Brukte 32 minutt til Fjellstova (Pelle, her brukar jo du å snu;)), og etter i alt ca. 9 km og 56 minutt hadde eg trakka meg opp til parkeringsplassen under fjellet. Smilte, song og var ved godt mot...ei stund på turen opp....Men dei siste bakkane opp var "drepen" og det hjalp ikkje akkurat at det var utruleg mykje trafikk og ganske så smal veg der eg vingla og sleit;) Parkerte sykkelen saman med ALLE bilane. Det var tydelegvis ikkje så mange andre friskusar der i dag;)
 
 Bil, bil, bil...

Bil, bil, bil, bil, bil, bil...
 
Tok så beina fatt, og etter nye ca. 2,5 km og 32-33 min var eg på toppen:)
 
 
Turen nedatt til sykkelen var unnagjort på 16 minutt fordi eg jogga....Jaja, eg veit; fy meg! Men det var sååååå fristande.....Og turen vidare på sykkelen vart gjort på 25 minutt (+ 10 minutt "bildetaking";)).
 


 Godt synleg midt på dagen;) Her skal ingen oversjå meg!;)

Nede ved sjøen igjen:) m.o.h. ca. 5;)
 
Nerdefakta:
Tid: 2 timar 20 minutt (10 min fotosession;)).
Lengd: 23,24 km.
Total høgdestigning: 789 m.
Kaloria brukt: 842.
Puls: gjennomsnitt 164, maks 189.
 
No har eg DEN følelsen! Hatt ei goood trenngsøkt, vore ute i friluft og har no heile kvelden på sofaen framfor meg:) Deileg!




6 kommentarer:

  1. Superdupernice!!!! Apropos lesestoffet i starten der, eg fekk (omsider) Kari Traa-toppen fredag, og har testa den ut. Litt skuffa i starten, den viste seg å vere svært så tettsittande (ikkje noke eg kjenner meg komfortabel i akkurat), men den va slettes ikkje verst å ha under noko anna på sykkeltur, svetten forsvann godt og den heldt no iallefall valkane på plass under sykkelturen :p

    Og elles: ha ei god veke!

    SvarSlett
  2. Flotte greier! Gler meg til å prøve (og for 59 kr er den vel IALLFALL grei;)). Og valkeholdingskle er ikkje å forakte;) god veke til deg og!:)

    SvarSlett
  3. Flott tur! Kor det gikk med leggane då?

    SvarSlett
  4. Gjekk faktisk bra! Føtene sov store delar av vegen opp, og eg var heiiiilt stive i leggane når eg gjekk, men det var ikkje verre enn det har vore i veldig mange år no...

    SvarSlett
  5. som alltid så anser jeg meg selv som å ha vært med på alle turer som elgeluen har vært på. dette var en flott tur! :p

    SvarSlett
    Svar
    1. Kjekt å ha deg med veit du;)

      Slett