mandag 3. februar 2014
Balsam for kropp og sjel...
Ein dag ute MÅ ikkje absolutt bety svette og hardtrening. Det kan og vere ein dag i sola, saman med ein god venn, gode samtaler og senking av pulsen... Og så banankake og kaffi då!

søndag 5. januar 2014
Catslide med pusesokkar
Søndag og sletne føte etter for mykje einsidig hardtrening for føtene i jula... På tide å tenke nytt. Så kom eg på "catslide-timane" eg var på då eg studerte. Så eg fann fram sokkar, grå til føtene og lekkert rosa til hendene, og sette i gong etter dette vakkert illustrerte treningsprogrammet!

Den her siste "stjerneøvelsen" vart vel litt modifisert... Den var gjennomført! Men kanskje ikkje heilt etter "boka"...
Tida vart 28.51 og kjernemuskulaturen fekk iallfall køyrt seg!
Den her siste "stjerneøvelsen" vart vel litt modifisert... Den var gjennomført! Men kanskje ikkje heilt etter "boka"...
Tida vart 28.51 og kjernemuskulaturen fekk iallfall køyrt seg!
tirsdag 31. desember 2013
Skogsbootcamp
onsdag 25. desember 2013
Julefriskus
Bilder frå ei friskusjul!

Til rumpa i snø! På tide å finne fram trugene?

Julefrukost

Vêromslag - så kom våren!

1. juledagkakaotur

"Wannabefriskusen" fekk seg passande sitjeunderlag i julegave

Friskus Rand var med på sesongen sin første skitur

Underteikna med nyinnkjøpt julegåve til seg sjølv!

Supert selskap, ok vêr, dårleg føre

Juleskipause

Juleskipause 2 - julekaker og julekuler!

Og NO skal eg teipe hælane mine og leike friskus igjen i morgon!

tirsdag 26. november 2013
Voss vind!
Friskusen i meg har ikkje fått utfolde seg i det siste, men endeleg (!) er eg operert for kompartmentsyndrom i ein legg, og om ei veke kan eg forhåpentlegvis trene som normalt igjen fram til neste operasjon.
MEN, i går var eg og mange andre (mellom anna Friskus Helleren) i vindtunellen på Voss vind. Og for ei oppleving! Dette anbefalast på det sterkaste!
Å skulle ut i "ukjent terreng" er jo alltid litt spennande, men dette var absolutt ikkje noko å grue seg til. Det var ikkje skummelt, men likevel ganske så utfordrande. Det eg syns var vanskelegast var nok å lære seg kor små bevegelsar som skulle til, og det var lett å gløyme at instruktøren overdreiv sine bevegelsar for at det skulle bli enkelt å sjå kva han ville. Men det gjekk, og på slutten av andre (og siste) tur klarte eg til og med å ligge litt stabilt og svinge rundt i ein sirkel (haha, det høyres jo ikkje vanskeleg ut i det heile, men det var det!).

Først litt instruksjon
Inne i sjølve vindtunellen vart litt data, som t.d. vindhastigheit, vist. Vi låg på opp mot 200 km/t (+ - alt etter vekt o.s.v. (trur eg)), som cirka skal tilsvare eit fallskjermhopp
Skeptisk, men klar!
Første tur i tunellen (dessverre var det vanskeleg å få til gode bilder...)
Runde to (kvar av oss fekk 2*1,5 minutt inne i tunellen)
Runde to i vindtunellen
Happy, happy!
Konklusjonen er; eg skal definitivt tilbake!
Abonner på:
Innlegg (Atom)