Sider

fredag 5. juli 2013

Nordfjordhelg 2013

Så var tida her igjen!

Bland
6 glade jenter
vin
eit søtt hus i Kalvåg
mengdevis med mat
hard fysisk aktivitet
gnagsår og ilt her og der
tidvis ganske så dårleg vêr
og ein dæsj galskap
og få
NORDFJORDHELG 2013

Nok ein gong samla eg venninner frå her og der til ei helg full med aktivitet! I år gjekk turen til Ytre Nordfjord. Basen vår var i Kalvåg og turane gjekk til Hornelen og Vetvika :)

Hornelen:

http://ut.no/tur/h%C3%B8gste-havklippa-i-europa

Hornelen er den høgste sjøklippa i Nord-Europa. Høgda er på 860 m, og turen startar på ca. 0 m.


Ein har ikkje meir moro enn ein lagar sjølv, og sånn...

 Vi starta turen på Berleneset.

Helsegurufriskus Unni:)



God sikt!

Mmmmmmm. Banansjokolademuffins var ikkje feil!

 
 
JUHU! Friskus Rand og Friskus Helleren:)
 
 
 
 
Nerdefakta Hornelen:
Tid i alt (med pauser osv): 10 timar og 35 minutt.
Lengd: 19 km.
Total høgdestigning: 1316.
Kaloriar brukt: 2351.
Puls: snitt 138. Maks 185.
 
 
 
Rett og slett nydeleg ;)
 
Dagen etter gjekk turen til vakre Vetvika :)
 


 

Bratt på veg ned i Vetvika!
 
 
Friskus Helleren demonstrerar for modell og fotograf korleis det skal gjerast ;)

 Friskus Helleren i fin stil :)

 Akrobatiskdramatisk etter bading i havet :D

 Friskus Lind-Jenssen :)

 Barfotsko er gull verdt for trøytte føter!




Nerdefakta Vetvika:
Lengd: 20,56 km.
Tid i alt: 8 timar og 59 minutt.
Total høgdestigning: 1519.
Kaloriar brukt: 1596.
Puls: snitt 131. Maks 175.



 
 
Ser tydeleg forskjelen på Hornelen og Vetvika når ein får det i ein slik graf :)
 
Elles gjorde vi dette:
 
 Laga, og åt, sushi:)





 Åt kake :)



 Drakk sprudlevatn i skodde og regn på Hornelen :)

 Yoga :)



 
 
Takk for turen, damer! Nordfjordhelg 2014, here we come! :)
 


 


 

mandag 17. juni 2013

Marka24 - a survival guide!

"DET STORE"

"Norges tøffeste tureventyr", "norges råeste tureventyr", "norges mest brutale tureventyr".... Ja, "ultraløpet" Marka24 har mange tilleggsnamn, men ein skjønnar vel uansett iallfall teikninga, for å seie det sånn...

Og denne galskapen, jau det fann ein noko naiv friskus med problemleggar ut var "midt i blinken". Korleis eg fekk denne ideen til å virke som "midt i blinken" er eg høgst usikker på, men når den grønkledde på sjukehuset meinte at dette var berre å gjere (dei får berre hente deg med helikopter viss det blir naudsynt, var vel bodskapen derifrå), i tillegg til at enno ein doktor var samd med den grønkledde OG dei tilslutt "slengde" på at eg uansett burde trene mest mogleg, og så mykje eg orkar, fram mot operasjonen p.g.a. raskare rekonvalesens, var eg ikkje i tvil!

Det må vel likevel seiast at tvilen kom og gjekk i vekene fram mot "DET STORE". Men plutseleg sto eg der.... På startstreken til det tøffaste, råaste og mest brutale... Utan å vere verken tøff, rå eller brutal sjølv... Eller?

 Ved godt mot iallfall ;)



"Bildedryss"
 
Friskus Helleren klar til start!
 

 Rett før start i turklassen.
 
 Post 1: Ullevålseter!





 På veg mot Fagervann :)



 3 km til neste post :)

Wiihaaa, post 2: Fagervann!
 
 Post 3: Liggeren.

 Idyll!

 

Post 4: Mellomkollen! Fiskebolleflexing ;)
 
 På veg mot Tømtehyttene :)

 Post 5: Tømtehyttene!
 
 Post 6: Gørja!

Etterlengta "junkfood" på Gørja ;)

Kveldsidyll ved Helgeren :)
 
 7 timar og 30 minutt ut i eventyret ;)

 På veg mot Kikut :)

 Tur-kunst på vegen mot Kikut ;)

Post 7: Kikut!
 
 Tid for middag. Kl. 23.00!

 "Pulsklokkestatus" ved middagskvil.

 
 
Såååååå kom regnet! 2 timar middagskvil vart det før det berre var å sele på seg sekken igjen og tusle av garde i mørket og regnet.

 Ja....

Post 8: Bjørnholt. Dette er den einaste posten eg ikkje har bilde av. Var vel omtrent her eg var på mitt "lavaste" - regn, gnagsår som verkeleg var byrja å gjere seg gjeldande og myggspray, som tidlegare hadde vore brukt for bekjemping av mygg i håret, i augene! ;)

 Post 9: Kobberhaughytta!
 
Vi kom til Kobberhaughytta ca. kl. 03.30. Der sette vi oss innandørs ei stund og endeleg kunne eg teipe føtene mine på nytt! "Avdekking" av føtene avslørte eit par blodige sokkar, og eg må seie at kroppen var "seig" å få opp av benken igjen etter nokre minutt her. Men etter stilane på dei andre på hytta å døme, så var eg visst ikkje åleine om å ha ein streikande kropp ;)

 Post 10: Studenterhytta!

 "Hvor går veien videre?"

 Fekk eit lite snev av "overtrøttheit" trur eg ;)

 "Overtrøtt 2".
 
 Post 11: Skjennungstua!

 SOGNSVANN!

 Oooooooog; i mål!

Det er sjeldan dette freistar, men søndag var dette toppers middag ;) Og ved å bruke drive-in og sitje i bilen og ete, så slepp ein faktisk å gå ein einaste centimeter ;)

 
The essentials



Sko er jo veldig essensielt, og sidan mine andre terrengjoggesko verken passar eller er i sin beste alder lenger, måtte eg få tak i nye. Det skulle vise seg å bli eit heilt "eventyr" det og... Stakkarane på føtene mine, som måtte takle å bli trakka på eitt døgn, fotsvette, gjørme, blod, grus og kven veit kva, heiter Asics gel fuji attack.






Og de veit ikkje kor vanskeleg (umogleg) det er å få tak i sko til desse føtene her! (Vel, nokre veit det. Les; mine gode foreldre ;) ).

På min veg til den perfekte sko var eg innom fleire:
- Inov 8 x-talon 212


- Asics gel trail attack


Men det var ikkje råd å oppdrive nokon av desse i rett storleik. Ikkje ein gong ved bestilling!

Etter ei lang rekke av hendingar med lesing, prøving, feiling, jubel, nederlag, banning og folk både i nord og sør i aksjon, enda det opp med bestilling av asics gel fuji attack frå butikken heime i Stryn.

Skoa vart så henta ut i Stryn og vidaresendt til meg! Hahahaha, dette vart styr! Og det kunne og vore gjort på ein mykje lettare måte dersom eg hadde visst at trail attack og fuji attack bygger på akkurat same lest. Jaja, bestilt var bestilt, og ein gjennomfører det ein har starta!

Skoa kom sjølvsagt fram til meg alt for nær "DET STORE", men med litt iherdig innsats med inngåing av sko på jobb o.s.v., reiste eg til Oslo med ein sånn passe følelse på at "inngåingsjobben" var gjort.

I tillegg hadde eg med meg mine godt brukte Asics gel glide plus asfaltsko i sekken, i tilfelle krise.

Om skoa funka kan eg faktisk ikkje uttale meg om. Gnagsår i lange baner og utruleg smerte under føtene kan nok kome av anna enn kun skoa når ein er på beina i så mange timar. Så eg vel å ikkje skulde det på skoa ;)

Elles hadde eg med ein god del kle. Sokkar og superundertøytrøye i mengder var eit "must", i tillegg til mykje nøye utvald mat og drikke.


"Uten mat og drikke, duger helten ikke". Så sant, så sant!
Sekken vart pakka om fleire gongar før turen (den mengda eg har teke bilde av her vart sterkt redusert). Og heldigvis har to på laget vore med på Marka24 før, så dei kunne informere om at minst mogleg i sekken er lurt ;) Eg trur eg fann ein perfekt kombinasjon; alle kle vart brukte (med unntak av eit sokkepar og ein singlet), nesten all maten vart eten opp og på same tid var sekken såpass lett at den ikkje var eit "tema" i det heile.
 
 
Nerdefakta:
Pulsklokka mi var ikkje like uthaldande som meg, og konka ut før siste post, så siste delen (ca. 3 timar) vart ikkje "loggført". I tillegg hadde klokka 2 timar pause under middagskvilen.
Avstand: ca. 6 mil.
Tid (utan middagskvil): ca. 20 timar. Vi kom i mål etter i alt 21 timar og 42 minutt i marka. Vi fekk god tid siste delen, men dersom vi hadde teke ei hytte til hadde vi garantert sprengt maksgrensa på 24 timar (og føtene hadde sikkert ikkje akkurat jubla dei heller;).
Høgdemeterstigning: Ca. 1500 høgdemeter.
Total stigning: Ca. mellom 2500 og 3000 meter.
Kaloriar brukt: ca. 5500.
Puls: ca. snitt 136. Maks: 188.
Fart: ca. 20 min/km (betydeleg raskare i starten og betydeleg seinare på slutten ;).

Alt i alt gjekk turen veldig bra! Supre folk å vere på tur med; ingen surmuling og alle heldt ut uansett kva! Det eg trudde eg skulle slite med merka eg ikkje noko til i det heile. Men gnagsår frå natt til søndag og ilt under føtene allereie frå laurdag ein gong gjorde sitt til at det vart ein smertefull tur. Likevel trur eg ikkje eg var åleine om det ;) Og kva kan ein forvente då, etter eit døgn på føtene med 70 l sekk på ryggen! Fornøgd eg!
 
Vi snakkast neste år, Marka!