Sider

mandag 21. mai 2012

Meir "uplanlagt" intervall

Laurdag vart det igjen ei såkalla intervalløkt. Eg hadde tenkt å sykle, men var ikkje i humør til å sykle åleine. Då vart det ein joggetur i staden for. Men p.g.a. alle bakkane heime må eg som regel til med litt gåing og;) Av den grunn vart det "intervall". Ikkje på verken tid eller puls, men kun utfrå terrenget - altså naturleg intervall. Men heilt naturleg vart det likevel ikkje for det er for lite kupert, og for mykje "rett opp" til at det blir rett og. Derfor passa eg på at pulsen roa seg til ca. 70 % av makspuls i dei rolege periodane i dei verste bakkane før eg tok ei ny økt med høg intensitet. Eg var flink og pressa meg sjølv til og med i dei verste bakkane, og dagen etter hadde eg faktisk gangsperre, og DET er lenge sidan sist!

Turen gjekk slik: Roset-Nytun-rørgata til Leite-Nygård-Nytun-Roset. Ganske bra stigning her og der, særleg over rørgata til kraftverket (eg rekna ikkje ut stigninga her denne gongen, men det skal eg prøve å hugse neste gong).

I næraste framtid har eg tenkt å ta ei intervalløkt som faktisk er gjennomtenkt før eg startar! Eg har vore alt for lite flink å trene intervall opp i gjennom tidene, sjølv om eg veit at ein bør ha slike økter i løpet av ei veke og.

Eg fann ein artikkel i "i form" som forklarar veldig enkelt og greitt kvifor intevalltrening er viktig, og kvifor like treningsøkter over lenger tid gjev dårleg avkastning:

"Derfor har den vanlige turen sluttet å virke

Hvorfor er intervalltrening så effektivt? Det henger sammen med et fenomen som kalles superkompensasjon. Det er egentlig en forsvarsmekanisme som skal beskytte kroppen din mot overbelastning.
Etter hard trening der kroppen blir utsatt for uvante påkjenninger, vil muskler og kretsløp nemlig vokse seg sterkere for å kunne motstå en tilsvarende belastning hvis den skulle gjenta seg i fremtiden. Det er grunnen til at turene i det vanlige tempoet ikke lenger forbedrer formen noe særlig - kroppen din er vant til belastningen." (Henta frå: http://iform.nu/trening/loping/slik-fungerer-intervalltrening ).

Så det er berre å spenne på seg joggeskoa, kome seg opp på sykkelen e.l. og kome i gong! Denne veka må eg få inn eit par styrkeøkter i tillegg til nokre fjellturar og sykkelturar. Sola skin frå skyfri himmel, så det går iallfall ikkje å skulde på vêret denne veka (ikkje det at eg gjer det så ofte heller då;)).

Nerdefakta (klokka ville ikkje finne satelittar, så det manglar data frå ca. 1 km):
Lengd:7,15 km.
Tid: 1 time og 23 minutt.
Høgdestigning: 446 meter.
Kaloriar brukt: 613.
Puls: gjennomsnitt 168. Maks 193.

onsdag 16. mai 2012

Diffusintervall til Ossætra

Diffusintervall...Ja, kva er det...Hmm, det er vel henta mest rett ut av Åse-Berit si ordbok (stayed tuned for meir frå dette forlaget, t.d. "Nytuns revolusjonering av fysikken" og "Spørsmål og svar - alt kan besvarast med ei logisk løysing (dog ikkje alltid forankra i verklegheita)";). Helseguru Unni kan utdjupe dette meir etter ynskje. Men la oss berre seie at konsulenttittelen min kan nyttast til så mangt av konsulenttenester...

Men denne forma for trening er vel iallfall diffus ja. "Min bedre halvdel" (kan vel diskutere det til vi blir gamle og grå) likar best denne forma for trening. Diffusintervall består av rask gange til ein er så slitne at ein berre MÅ ha ei pause, så pause til ein stivnar (meinar iallfall Friskus Nytun) for så å utføre rask gange til det kjem blodsmak i munnen igjen....Friskus Nytun meinar dette kun fører til mange utmattelsar og mange "starte på ny med stive musklar" i løpet av ein tur..Men, men...Er halvdelen med på tur får eg enten innfinne meg med diffusintervall eller køyre mitt eige løp;)

Turen i dag gjekk til Ossætra på Eid. Turen startar ved badeplassen i Osvika og går deretter i kraftig stigning opp Osberget. Etter å ha vore med på diffusintervall i 30 minutt ga eg opp og la opp til mitt eige tempo = jamn fart og null stopp.





Etter 44 minutt ankom eg Ossætra. Kven som kom først opp av "Friskus-non-stop-Nytun" og "Halvdel-full fart-full stopp-Roset" kan dokke no tippe på;)










 Opp brukte eg 44 minutt på 1,75 km. Det vil seie 356 kaloriar (liiiiite..Jaja...). Heftig høgdestigning på 410 meter (460 total stigning) gjev ei høgdestigning på 23 % (mogleg eg har rekna litt feil her, men trur ikkje det skal vere så langt frå sanninga). Dette gjev ei stigning på ca. 9 høgdemeter i minuttet.



Etter ein rask pit-stop og fotosession på toppen gjekk turen nedatt. Litt kjedeleg nedover syns eg, men ein må liksom nedatt og;)

Bratt...


Etter 36 minutt var vi nede ved utgongspunktet igjen. Dette er ein supertur som eg likar veldig godt! Det som er så supert er at ein får god trening på kort tid i tillegg til å få ei flott naturoppleving og ei "gulrot" med støylshusa på toppen. Råsa er og godt merka og lett å gå. Det einaste minuset no er at Osberget ber preg av "Dagmar" som var på besøk i jula, men dei har gjort ein flott oppryddingsjobb så råsa er så og seie like bra som før.

Nerdefakta:
Tid: 1 time og 20 minutt.
Avstand: 3,4 km.
Kaloriar brukt: 411.
Total stigning: 460.
Snittpuls: 149

søndag 13. mai 2012

Motbakkeritthelg ;)

Jaja, så voldsomt var det vel ikkje, men meir om det lenger nede;)

Helga starta med ein flott gåtur i skodde og litt regn saman med Spreking Raudi og Spreking Gausnes. Det vart skogstur denne dagen og turen gjekk rundt omkring på Roset.




Nerdefakta:
Lengd: 5,25 km.
Tid: 1 time og 32 minutt.
Høgdestigning: 271.
Kaloriar brukt: 430.
Puls: gjennomsnitt 134. Maks 177.

Laurdag vart det "motbakkeritt" på terrengsykkel saman med Friskus Rand opp Randabygda til Nosatunnelen. Dette er nesten heile "Kleiva opp", men den siste kilometeren (cirka) mangla grunna snø ( http://hardbagg.no/index.php?f=08050120&sid=2&eid=621&spid=268&mid=0103&id=5922&mid=010304 ).

Eg grua meg skikkeleg til denne turen, og under nedstiginga frå Rand til startpunktet for "motbakken" vart eg meir og meir kvalm...Dette tykkjer eg er langt og bratt!

Klar for start!

Heldigvis var vêret på vår side, og vi sykla stort sett i sol sjølv om resten av dagen bar preg av regn og snø.

Nerdefakta syner heile turen inkl. nedstiginga og min sykkeltur heimatt. Opp sjølve "motbakken" som er ca. 6 km med ei stigning på ca. 8% brukte vi 50 minutt. Den alt for spreke Friskus Rand viste krefter og eg sakka lenger og lenger bak den siste tida. Likevel kom vi i mål innanfor same minuttet;) Men det er jammen godt Friskus Rand kan pushe meg litt. Eg merkar godt at kroppen no ber preg av lite sykling i høve til før. Tidlegare vart det på ei veke eit snitt på 3 spinningtimar + sykling til/frå skule + sykling til/frå jobb (ca. 2 mil) 2 dagar i veka + langturar på 3-6 mil i helgane (dette i tillegg til anna trening)...No syklar eg eit par turar i veka (i tillegg til anna trening)...Denne forskjelen merkast! Men det er berre å stå på!;)

Det var iallfall ein super tur, og det er godt at ein kjenne musklane slite litt og! Eg merkar det best i rumpemuskulatur og lengst oppe på bakside lår...Det er vel desse som er vanskelegast å få tak i på anna måte enn ved sykling.

Vel...Vi hadde visst eindel krefter igjen på toppen og;)

Friskus Rand sjekka resultata for sykkelklassane i "Kleiva opp" etter turen og vi fann ut at det aldri er damer som har stillt opp i sykkelklassen i "Kleiva opp". Kanskje må Friskus Nytun og Friskus Rand bli dei første?;) Vi har fram til september å trene på! Med farten denne gongen hadde vi vore heilt oppe på Kleiva ca. etter 1 time. Det ville ha vore mellom 15-25 min etter mannfolka (utfrå reslutata dei siste åra). Greit resultat, men betre skal det bli!;)

Nerdefakta (heile turen min. Inkludert nedstiging, pause ved Nosatunnelen (etter "motbakken") og turen min heimatt):
Lengd: 21,39 km. ("Kleiva opp" ca. 6 km).
Tid: 1 time og 53 minutt. ("Kleiva opp" 50 minutt).
Total høgdestigning: 556.
Kaloriar brukt: 672 (ikkje meir!!!?).
Puls: snitt 156. Maks 193.

I dag vart det kun ein kort sykkeltur ned til hestane som går på beite ned med sjøen. Vart litt motbakketrening heimatt etterpå. Med ei stigning på ca. 219 høgdemeter på 19,5 minutt.

Nerdefakta (inkludert hestesjekk o.s.v.):
Lengd: 6,28 km.
Tid: 54 minutt.
Total høgdestigning: 247.
Kaloriar brukt: 345.
Puls: snitt 143. Maks: 190.

No går helga mot slutten og eg har flata ut på sofaen. Komande veke er det mykje på "tapeten", men eg får no prøve å få til litt trening likevel:)

torsdag 10. mai 2012

Brurahornet og Gottrøysa

I dag tok Friskus Nytun og Helseguru Unni turen til fjelltoppane Brurahornet og Gottrøysa etter jobb. Vi hadde litt anna vêr i dag enn sist vi var på tur, for i dag var det faktisk sol frå nesten skyfri himmel:) Turen starta for min del nede i gate 2/3, medan helseguruen kom på ikkje så mykje lenger oppe i gatene:)

Etter at ein kjem seg frå asfaltveg til rås startar turen med middels til kraftig stigning før det flatar ut på eit platå der råsa deler seg i to - anten kan ein gå til Veten, eller så kan ein gå til Brurahornet og Gottrøysa slik vi gjorde. Turen vidare for vår del gjekk i ei gammal oppstøypt vassrenne. Her er turen lett og fin eit godt stykke. Når ein kjem til det gamle vassreservoaret går det rett opp igjen eit stykke før det igjen flatar ut litt mot toppen.





Vi kom først til Brurahornet og "dagens sekretær" Helseguru Unni skreiv oss inn i bøkene, medan eg myste mot sola:) Det er fantastisk å kunne sjå utover havet frå ein fjelltopp! Frå Brurahornet kunne vi sjå m.a. Kvalheim, Oppedal, Kråkenesfjellet, Selje, øya Barmen o.s.v.

Sjekk havet ut i der!


Etter ein kort pit-stop her gjekk turen vidare til Gottrøysa. Det er ein forhaldsvis "flat" tur frå Brurahornet til Gottrøysa, og frå Gottrøysa har ein ei flott utsikt til Måløy!

Vi var der...

...og vi skal bort der:)

Utsikt mot Måløy:)



Etter ein rask fotosession påGottrøysa vende vi snuten heimover til dusj, middag og husarbeid...Turen nedatt gjekk stort sett smertefritt sånn bortsett frå at Friskus Nytun snakka seg vekk frå den rette råsa, og måtte ta ein omveg over lyng og busker for å kome inn att på;) Etter påfyll med godt fjellvatn var omvegen gløymt, og vi klarte å fylgje rett rås resten av vegen;)

Vassrenna ein går i/ved store delar av turen.


Nerdefakta (litt misvisande nerdefakta i dag; fekk satelittsignal seint så klokka vart starta litt seint. Klokka har og vore på under heile turen inkludert pause på toppane, fotopauser og vekkroting frå opprinneleg rås heimatt;)):
Lengd: 8,34 km.
Tid: 3 timar og 40 minutt.
Høgdestigning: 585 meter.
Kaloriar brukt: 967.
Puls: gjennomsnitt 130. Maks 181.

lørdag 5. mai 2012

Sunnivahornet - Friskus og Helseguru på tur!

I går gjekk ferden til Vågsøy sitt høgaste fjell - Sunnivahornet, etter jobb. Det var meldt sånn OK vêr, og til tider var det både blå himmel og sol i løpet av arbeidsdagen. Men sjølvsagt kom det vind og regn akkurat når vi skulle til å reise på Almenningsfjellet (vi parkerte her), og der oppe var det til og med snø! Men, men tøffingar som vi er så gjekk vi fryktlaust på! Haglet piska i fjeset, og eg som den sjølvutnemnde friskusen eg er kjende at humøret steig meir og meir for kvar høgdemeter:D Snålt at eg kan bli i godt humør av slik vêr....;)

Turen gjekk i "trappetrin" oppover - bratt eit lite stykkje, så flatt, så litt bratt o.s.v. Det var innslag av all slags natur, og til og med to stølar passerte vi på vår veg. Det var jo supert for meg som er over middels begeistra for stølar, og som ser heller lite til det no ut med havet. Den siste stølen vi passerte hadde også mange fine sel oppmura i stein:) Kjempefint!

 Helseguru Unni på ein fin støl. Kva heiter den skal tru? (PS: sjekk haglet som har plassert seg ca. midt på bildet;)).

Kor mange sel ser du?

Etter stølen steig det igjen opp gjennom ein OPPMURA "veg" og eg lot meg nok ein gong fascinere. At haglet framleis piska i ansiktet såg eg berre på som ein bonus, og tenkte at no fekk "kjakane" fin farge, og vi fekk ekstra friskuspoeng;)

Etterkvart kom vi opp i parti med snø på bakken og ynskjet om å vere "fjærlett" så ein slapp å trakke gjennom snøen raste forbi i hjernen.

 Ein fugl peika oss på rett spor;)

Med toppen i sikte:)

Etter 1 time og 45 minutt (eit kvarter før estimert tid frå turlaget) ankom vi Sunnivahornet i hagl og vind. Men FOR ei naturoppleving! Fingrane vart stivfrosne av obligatorisk fotografering på toppen, men bildebevis må ein ha:)




Det ser nesten ut som eg har letta der eg står, og det stemmer nesten, for sterk vind var det! Men sidan eg ikkje er så lett som eg ynskte tidlegare på turen, så stemmer det nok ikkje heilt;)





Etter ein heller kjapp visitt på toppen labba vi oss litt frosne, blide og energifulle nedatt. Og jaudå, DÅ letta vêret!






Heile nedstigninga var prega av energi, glede og "eufori"! FOR ein tur:D Når vi kom oss nedatt til bilen var det til og med blå himmel og sol;)

Dette ga verkeleg "mat" til ei Friskus-sjel!;)

Nerdefakta:
Lengd: 8,33 km.
Tid: 3 timar og 38 minutt (inkludert alt).
Total høgdestigning: 714 meter.
Kaloriar brukt: 1307 (;)).
Puls: gjennomsnitt: 143. Maks: 180.

Men eg trur vi tok med oss vêret nedatt (sjølv om det ikkje såg sånn ut), for i dag vakna eg opp til dette:

Måløy 5. mai...


torsdag 3. mai 2012

Mat - det evige problemet...

Ja, det er eit problem! Eg er alltid svolta, har alltid lyst på noko godt/usunt....Ein halvtime etter eit godt måltid er eg like svolta igjen. Eg har alltid hatt det sånn og går under kallenamnet "kverna";)

Eg føler meg slik....... (Bilde henta frå Dagbladet).


I periodar er eg veldig flink med sjølvkontroll, begrensing og å ete sunt, men i andre periodar går det "over styr". No har eg ikkje vore flink på over eit år, og det merkast! Eg er lei av å ha det sånn og eg veit kva som er bra for meg, men likevel ligg sjølvdisiplinen mykje lenger inne no enn før. Men, men, det hjelper ikkje å gje opp. Så no er det NOK EIN GONG på tide med ei opprusting av kosthaldet! Målet er å bli like flink som eg var med dette som student. I dag kjøpte eg iallfall alt anna enn godteri på butikken:

Dagens innkjøp: bananer, skumma mjølk, juice med fruktkjøt, avokado, egg og philadelphiaost.

Det er mange meiningar om kva ein bør ete og det er utallige diettar og kosthald. Eg for min del veit lite om dette, men meinar at "alt med måte" er eit godt uttrykk. Men når det gjeld godteri/chips klarar eg ikkje å begrense meg. Av den grunn må eg ha totalforbod mot dette i vekedagane. Då funkar det som regel. I fleire år åt eg godteri kun laurdag og søndag, og det var faktisk ikkje noko problem...Så eg prøvar igjen;) (Men fredagskvelden er enn så lenge rekna som "helg";))

I dag vart det laks med philadelphiaost  på grønnsaksseng til middag. Sunt! Men etter ein halvtime-time var eg skikkeleg svolta igjen. Så etter 3*20 bicepscurl og 3*20 skulderhev vart det kaffismoothie til kvelds. Oppskrifta (med nokre justeringar) er henta frå blisunn.no.

Kaffismoothie:
Rått egg (eg brukte kun eitt i dag).
1/2 avokado.
1 banan.
Litt skumma mjølk.
Litt kaffi.
Kakaopulver (eg hadde berre ein "usunn sort". Kva er sunt kakopulver skal tru...?).

Og så trur eg at eg fekk oppi litt dun og skal frå egget....Jaja, etter samtale med mamma kom eg fram til at eg sannsynlegvis "står i" det;)

Kaffismoothie:)

No skal smoothien nytast, rumpetaska skal pakkast til fjelltur i morgon og så skal eg rocke ein halvtime til serien "Revenge" etterpå:) Greit å kombinere trening og fjernsyn;)

onsdag 2. mai 2012

Litt friskuslanghelg likevel.


Etter ei slapp veke og ein slapp start på langhelga fekk eg meg endeleg ein skikkeleg trimtur søndag. Eg og pappa lufta terrengsyklane våre til Nos ein tur. Det er ikkje lange turen, men ganske bra stigning. Av 12 km (til "toppen") er ca. 9,5 km av desse jamn, bratt stigning. Pappa trakka i veg og eg merka fort at forma mi er så dårleg som den aldri har vore før, men det blir iallfall ikkje betre av å ikkje presse seg sjølv. Så sjølv om eg kjende melkesyra i låra og blodsmak i munnen allereie etter få minutt fortsette vi turen i stort sett same tempo og "non-stop" til Nos.


Utsikt frå Nos:)

Nerdefakta:
Lengd: 23,75 km.
Tid: 1 time 33 minutt.
Høgdestigning: 476 meter.
Kaloriar brukt: 953.
Puls: gjennomsnitt 164. Maks 187.

Etter sykkeltur og hestestell vart det ein flott kveldsgåtur saman med Spreking Gausnes:)


Måndag var nok ein dag med strålande sol og medan eg venta på dyrlegen som skulle vaksinere hestane tok eg meg ein luftetur på racersykkelen. Nok ein kort, men knallhard tur i dag opp til Nordfjord fritidssenter. Desverre har mykje av asfalten til fritidssenteret gått tapt som ei fylgje av flaumen i fjor sommar. Heldigvis var grusen tettpakka slik at det gjekk fint å sykle med racer likevel. Men hardt var det! Raceren kan ikkje girast ned like mykje som terrengsykkelen, så det vart ein tung tur.

Hoppbakkane på fritidssenteret.

Haha, skulle ta bilde som bevis på at eg hadde vore der, men som eit resultat av snø bak, sol framme og blitz går eg i eitt med snøen. Måtte berre ha med dette!;)

Dagens turkamerat. Pulsklokka klarte eg utruleg nok å gløyme i dag!


Men verre var det nedatt! Eg har problem med å bremse tilstrekkeleg på raceren når det blir bratt nedover, så eg måtte ha fleire pausar for å "bende" ut fingrane....Siste etappe heimatt gjekk i stigning på grus. Eg har aldri prøvd å sykle på racer opp her før, men tenkte eg skulle no prøve sidan grusen var så tettpakka. Eg trakka i veg og hadde forferdeleg lyst til å gire ned meir, men det gjekk no ikkje...Pulsen steig, pusten gjekk høgt og snart hadde eg berre nokre meter igjen før eg "bikka Høgda". Dei siste metrane klarte eg ikkje å sitje å trakke lenger (for då ville faktisk ikkje sykkelen gå framover), så då var det berre å reise seg, problemet var berre det at då spann bakhjulet mitt. Eg trakka og trakka og spann og spann, men snart var "Høgda" forsert og eg kunne trille pustande og pesande inn på tunet. DONE!

På kvelden etter hestestell vart det igjen gåtur. Denne gongen Markane rundt saman med Spreking Raudi og Spreking Gausnes. Det var ein superflott tur, og neste gong skal pulsklokka vere med!

I går vakna eg igjen opp til sol, og racersykkelen og pappa vart tvinga med på tur. Det vart landevegstur opp Strynebygda denne dagen. Eg kjende allereie når eg sette meg (prøvde å setje meg) på sykkelsetet at det kom til å bli ein krevjande tur. Rumpa var sår etter sykling fleire dagar, og alt av sykkelmuskulatur i rumpe og lår protesterte. Eg ignorerte alt som skreik, og etter nokre kilometer var det meste gløymt (sånn bortsett frå at det var ein tung tur for mine sletne lår). Men eg veit jo eigentleg betre enn å trene dei same muskelgruppene så hardt på same måten fleire dagar etter kvarandre då! Men, sånn er det...Her er ikkje akkurat så mykje flatt sykkelterreng å ta av...

Men turen var kjempeflott!:) (Og så gjorde det godt med litt tempo i flatare terreng i dag).

Nerdefakta:
Lengd: 34,43 km.
Tid: 1 time og 26 minutt ( inkludert pause ved Nasjonalparksenteret).
Snitthastigheit: 23,9 km/t.
Kaloriar brukt: 791.
Puls: gjennomsnitt 164. Maks 187.

Utanom sykling og gåturar har eg brukt "apostlenes hester" til og frå alt denne langhelga (bortsett frå turen til Kroken då;)). Bilen har hatt ferie og eg har gått/jogga til/frå stall o.s.v. Veldig grei måte å snike inn aktivitet på;)

I dag skal kroppen få fri, og i morgon tenkjer eg at det vert litt rockering og styrketrening for overkropp før det fredag vert topptur etter jobb. Eg og Helsguru Unni har tenkt oss opp på den høgste toppen i Vågsøy:)