Sider

tirsdag 19. juni 2012

Nordfjordhelg 2012

Sist helg var tida inne for "Nordfjordhelg 2012" i Friskuspikenes friskuslag:) Torsdag ankom Friskus Melheim Blaksetbygda, og ein heller stressa Friskus Nytun kunne puste ut etter ei aktiv veke på jobb, planlegging på kveldstid og kamp mot klokka torsdagen:) Etter litt taco som kjære mor Nytun hadde laga til oss kunne vi sige ned i kvar vår stol og ladde opp til sykkeltur over Flofjellet fredag, og jammen kom Friskus Lind-Jenssen innom for overnatting og:D

Fredag vakna vi til SOL og bra temperatur. Her var det berre å hive på seg sykkelkleda og kome seg ut døra! Kjære far Nytun var vår privatsjåfør for dagen, og etter ein pitstop i Stryn gjekk ferda vidare til Hellesylt. Her startar turen over Flofjellet ( http://www.nordfjord.no/no/Produkt/?TLp=413798 ).


Ca. første 1,2 mila av turen går i litt stigning på asfalt frå Hellesylt til Vollset. Frå Vollset startar den eigentlege "Flofjellsvegen".



 Happy Friskus Nytun:)


Flofjellsvegen er ein grusveg som går innover ein dal (frå Hellesylt i Møre og Romsdal til Flo og Stryn i Sogn og Fjordane) med mektige fjellsider på kvar side. Vegen var tidlegare nytta av dei som budde lengst oppe i dalen på "Hellesylt-sida". Dei sokna til kyrkje i Oppstryn, og brukte vegen over fjellet som kyrkjeveg....Tenk kor mykje enklare alt er no til dags!



Starten på Flofjellsvegen var noko skuffande då det var bratt og steinete/laust her. Eg reknar med det stort sett skuldast mykje vatn/flaum i fjor. Men det tok ikkje lang tid før også grusvegen flata ut, og her var dekket upåklageleg:)









Rasteplassen vår på høgste punktet på Flofjellsvegen:)


Etter matpausa var det tid for nedstiginga til Flo. Og her var det bratt og mykje stein/grus. Til tider mykje laust opp på hardpakka underlag. Det enda med andre ord med at eg bremsa så mykje at eg heller gjekk av sykkelen og leida den heile vegen ned. For det første gjekk det fortare og for det andre var det mykje meir behageleg;) Etter vel 30 minutt var vi framme ved Flo.

 Ei lita sandstrand på Flofjellet:)

 Flo:)



Etter Flo gjekk turen vidare langs Oppstrynsvatnet, og etter kvart langsmed Stryneelva til Stryn sentrum. Turen frå Flo til Stryn inneber nokre tunnelar og ein trafikkert veg. Men tunnelane har lite trafikk, og er heilt OK å sykle gjennom og den trafikkerte vegen er brei og oversiktleg, så dette er ikkje noko problem.

Ein kjempeflott tur i strålande vêr. Vi hadde litt problem med ein tung sykkel som hadde litt "kjedeavhoppingsproblem", men bortsett frå dette gjekk det smertefritt:)

Nerdefakta (inkludert alt; kjedeavhoppingar, matpause, fotopauser...):
Lengd: 4,27 mil
Tid: 5 timar og 39 minutt.
Total stigning: 918 meter.
Kaloriar brukt: 1889.
Puls: snitt 147. Maks 189.

Fredagskvelden flata vi ut etter friskluftssjokket, og kosa oss med reker før vi stupte i seng tidlegare enn eg har gjort på lenge!

"Rekekveldskos" i gamlehuset på garden = idyll:)


Laurdag gjekk turen til Lote og Sagetindane. Vêret var OK i dag, men ikkje fullt så bra som dagen før. Likevel godkjent;)

 Lotsstølen:)

 Dårleg "bildetakingslys" i dag...

...såååå....då vart det bilde frå ein tur eg hadde opp her i fjor...

 ...og sommar 2010;)

Men dette er "dagens";)

Nerdefakta:
Lengd: 8,4 km.
Tid: 2 timar og 10 minutt (gåtid).
Total høgdestigning: 565 meter.
Kaloriar brukt: 805.
Puls: snitt 139. Maks 185.

Laurdagskvelden vart brukt til mat og drikke, og ein "utekveld" i god "Greaseånd" i Måløy. Takk til Helseguru Unni som tok godt imot kjende og ukjende til eit koseleg vorspiel!:)

Søndag vart det "Fyrsafari" i Vågsøy. Eigentleg skulle det vere "Vågsøysightseeing", men tida gjekk heilt frå oss...:)

Først gjekk turen til Skongenes fyr. Etter ca. 45 minutt trakking frå parkeringsplassen på Halsør var vi framme ved yndlingsfyret mitt. For å lese meir om denne plassen, sjå her:



 Sjokolade på trappa ved Skongenes fyr. Det er jo søndag;)


Akrobatikk;)

Gåturen til Skongenes vart einaste trimmen i dag grunna stramt tidsskjema. Etter Skongenes gjekk turen vidare i bil via Refvika, der Refviksanden vart studert i fart, så over Kvalheimsfjellet, opp Kråkenesfjellet der skodda gjorde det umogleg å sjå dei kjempestore vindmøllene som står rett attmed vegen....Vidare ned til Kråkenes og Kråkenes fyr:)


Kråkenes fyr:)

Resten av Vågsøysightseeinga måtte desverre vike for heimreise, men litt inntrykk av Vågsøy vart det vel...:)

SUPERHELG!






søndag 10. juni 2012

Frisk(us) igjen!

Etter ei heller dårleg Friskusveke vart helga ein god del betre;) Fredag hadde eg ein feriedag. Ikkje det at eg kunne sjå poenget med det når det resulterte i overtid resten av veka, men, men, jammen er det godt med ein heil dag fri og;)

Fredagen kom med sol og skyfri himmel, så her var det berre å snøre på seg joggeskoa og kome seg ut:D Turen gjekk opp til Ulvedalstjønna, og i dag var her ein god del betre "føreforhold" enn sist eg var her - http://www.friskusnytun.blogspot.no/2012/04/friskus-i-snver-bomjoggetur.html

Turen gjekk litt i gåfart og litt i joggefart. Eg fekk jogga mindre enn eg brukar å gjere her p.g.a. at eg (slik som sist helg) vart så kvalm når eg jogga. Eg veit ikkje kva det er, men satsar på det forsvinn like fort som det kom...Eg kan takle melkesyre, gnagsår, haudverk, dehydrering o.s.v., men vert eg først kvalm er det berre å roe ned litt. Etter litt prøving på kor mykje eg kunne jogge, og påfyll av 2 x 0,5 l vatn (eg var såååååå glad for at eg for ein gongs skuld tok med meg ei tom drikkeflaske i handa på joggetur!) løsna det litt, og eg fekk ein ganske OK trimtur likevel. Og det er jo så fint her oppe! Godt for sjela!

 Første del av turen (ca. 2,5 km) går på asfaltveg.

 Opp Kvernhusdalen til Tjønna:)

 Ulvedalstjønna:) Rosetstølen som eg også var innom på turen, ligg sånn ca. under dei fjella ein ser heilt til venstre i bildet.





Super joggeveg! Akkurat slik eg likar det:D

På veg nedatt frå Tjønna tok eg ein avstikkar opp mot hyttefeltet på Roset. Etter hyttefeltet fortsette eg oppover stølsvegen mot Rosetstølen. Her tok eg litt "motbakkeintervall". I dag valde eg å trene kun på puls: 150-185-150-190-150-190-150-185. Dette kunne i prinsippet ha funka bra, men det vart for bratt her. Eg kom fort opp i den makspulsen eg hadde bestemt, men det tok alt for lang tid å roe ned pulsen igjen, så pausene vart lenger enn arbeidsperiodane, og det er jo fy, fy;) Men litt trim fekk eg no:) Vel oppe på Rosetstøylen kunne eg nyte utsikta ned mot Tjønna der eg kom frå, men sidan flugene var så innpåslitne i varmen vende eg fort nasa nedover igjen, og jogga straka vegen frå stølen og heimatt for å slippe unna "udyra";)

 Rosetstølen:)

Utsikt frå Rosetstølen til Tjønna der eg var for ei lita stund sidan:)


Nerdefakta:
Lengd: 12,46 km.
Tid: 2 timar og 24 minutt.
Total høgdestigning: 481 m.
Kaloriar brukt: 977.
Puls: gjennomsnitt 166. Maks 192.

På kveldstid fredag tok eg, Pelle og Jan-Arild turen til stølen vår Raufjell. Eg skulle eigentleg gå heilt opp, men fann ut at etter å ha teke 2 ibux for å døyve haudverken eg hadde trena på meg i varmen, kunne eg like godt sitje på med ATV til parkeringsplassen på Timehaug eg og;)


Turen frå Timehaug til Raufjell tek til vanleg omlag 15 minutt, men her var myyyykje snø, og høg vassføring (det var ikkje mykje hjelp i med nyimpregnerte fjellsko når vatnet gjekk midt opp på leggen;)), så vi brukte vel cirka det dobbelte tippar eg.

 "Brevandring";)

Raufjell 8. juni 2012.

Som vanleg var det heilt supert å kome seg opp på Raufjell. Her er det verken straum, mobildekning eller innlagt vatn, så dette er skikkeleg avkopling:) Vi kom opp i strålande sol og temperaturen var mellom 18-19 grader i 19.30-tida. Det er jammen bra med tanke på at Raufjell ligg på ca. 750 m.o.h.!

 Solnedgong frå hytteglaset:)

 Dynetørking. Alt er litt rått etter ein lang vinter som enno ikkje har gitt opp heilt her oppe...

 Hyttekos...:)

Laurdagsmorgonen sto vi opp ganske tidleg, og rydda oss berre ut av hytta før turen gjekk heimatt. Eg hadde ein "date" med Friskus Rand kl. 11.00;)

 Super "morgontannpussutsikt" frå hytteglaset!

 "Tommel opp!"

 Og så litt morgongymnastikk før ein vender nasa heimover;)



 Ein prins?

Vinteren må snart gje tapt;)


Klokka 11.05 var eg koma til Rand der Friskusen sto klar med sykkelvesker og friskt mot! I dag skulle vi til Kandalen! Turen gjekk frå Rand-Lote-ferje til Anda-Sandane-Kandalen og så retur. Ein tur på 10 mil. Temperaturen var OK, og sola var framme...ei stund...Men vi slapp unna regn!:D

Sykkeltur til Kandalen har eg prøvd før, men då berre frå Sandane: http://www.friskusnytun.blogspot.no/2012/04/vestland-vestland.html

Etter ei heller traumatisk hending ned "Kvalen", som såg ut som den skulle skade Friskus Rand stygt, men som i staden for enda med å skade Friksus Nytun mildt (mest i sjela, og eit delvis avhoppa sykkelkjede som vart tvinga på plass igjen i rein frustrasjon) ankom vi Lote kai etter ca. 50 minutt.

 Etter 1,5 mil møtte vi på ferjekaia på Lote...


 ...her måtte vi vente 10 minutt på ferja...Og underhalde oss sjølve;)

 Og på ferja måtte vi vente 30 minutt til...Dei skulle visst ha matpause dei. Jaja...:)
 Men, plutseleg var vi jammen i Kandalen! (Ikkje så veldig plutseleg kanskje då men...;))
 5 mil tilbakelagt!

 Her vart det tid til leiking...

 ...Litt meir leiking...

 ...og mat!

Når vi kom tilbake til Sandane hadde vi lagt bak oss 7 mil. Då vart det cola og båtis for min del. Cola fordi det gjev eit lite energiboost (og er GODT) og Båtis fordi det er den sunnaste isen i sin kategori (og er GODT);)

På veg heimatt tok vi turen om Nordfjord folkehøgskule på Vereide der mamma "studerte" i "gamle dagar";)

På heimturen slapp vi å vente på ferja, og eg såg med skrekk og gru på at eg måtte sykle fortare enn eg likte på grusvegen (grunna vegarbeid) ned mot ferja på same tid som køen ut av ferja kom mot:s Men vel nede møtte vi to koslege, pratsame og humoristiske ferjebilletørar, og vi kunne sykle rett på ferja utan noko "døtid":) Friskus Rand fôra (i fylgje seg sjølv) seg sjølv med ein noko hard kost (iskaffi og skulebolle) på den korte overfarten, men imponerte likevel med dei uovervinnelege motbakkekunnskapane sine på slutten av turen!

 Godt 9 mil tilbakelagt. Vi har kledd oss for den skumle tunnelen som tek oss til Hennebygda.

Den siste kneika på turen er opp den berykta "Kvalen". Ein saftig motbakke som i dag heldt på å knekke Friskus Nytun psykisk under nedstiginga 8 timar før;) Etter 9,5 mil møtte ein lang og bratt motbakke oss. Men bakken gjekk forundrande greitt unna med tanke på at beina allereie hadde 9,5 mil bak seg. Friskus Rand briljerte som vanleg med sine uovervinnelege bein, og ankom toppen eit minutt eller så før Friskus Nytun....Jaja, noko må ein ha å strekkje seg etter;) Friskus Nytun forserte "Kvalen" på 22 minutt i dag. Noko eg ser meg greit nøgd med etter 9,5 mil. Men ein kan alltid bli betre;)


Kun sjarmøretappen igjen;)

Etter "Kvalen" var det kun sjarmøretappen igjen, og kort tid etter kunne vi nærast dette av syklane på tunet til Friskus Rand;) Ganske så slitne i kroppen, men du og du for ein luksus det er å kunne bruke ein heil dag på noko slikt!

Vi var vekke i nesten 8 timar og 30 minutt. Denne turen kunne vore unnagjort på så mykje mindre tid, men knall, fall kjedeavhopping, 40 minutt ferjeventing og generell kos med lang pause i Kandalen og "cola-is-skulebolle-iskaffi-pit-stopp"på Sandane i tillegg til eindel fotosessions førte til at vi plutseleg hadde vore vekke ein heil arbeidsdag og vel så det. Men det var det som var meininga; kos, trim, godt selskap og gode naturopplevingar i fin symbiose (eller noko slikt)!;)

Nerdefakta:
Lengd: 10 mil.
Tid (inkludert ALT): 8 timar og 25 minutt.
Høgdestigning (her trur eg klokka har vore ute og "sykla" litt på ferja - vi har ikkje dykka ned til - 37 meter nei;). Men det gjev iallfall ein indikasjon): 1375 meter.
Kaloriar brukt: 2000.
Puls: gjennomsnitt 136. Maks 186.

I dag har kroppen fått fri. Litt gangsperre i skuldrar/overarmar og muskelen mellom lår og rumpe. Var ned til hestane ein tur i dag og fekk ordna litt diverse der (og så kosa litt då:)).

No skal eg skrue av dataen, roe ned og lade opp til ei ny hektisk veke...








onsdag 6. juni 2012

Skremande slapp Friskus!

Denne veka har gått opp i tull reint Friskusmessig. Eg er heiiiiiilt håplaus. Dersom eg let meg sjølv vere slapp, så vert eg til slutt så slapp at eg ikkje klara nokon verdens ting.

Måndag etter jobb gjekk med til rydding av leilegheita, og visning etter det. Etter det igjen kunne eg fint hatt tid til trening, men neidå, eg sovna i staden for!

Tysdag måtte eg jobbe eit par timar på kveldstid (etter at eg hadde sove i fleire timar etter jobb...) = ingen Friskus.

Og i dag skulle eg berre slenge haudet ned på puta i fem minutt etter middag og før litt jobbing, pakking, oppvask, rockering og ei styrkeøkt....Klokka 18-18.30 klarte eg kvalm og trøtt å skrue på dataen å få gjort unna den jobbtingen eg måtte gjere...Men eg har enno ikkje motivert meg til å verken pakke, vaske opp eller trene....

Konklusjonen er: dersom eg let meg sjølv få vere slapp, så blir eg slapp. Eg merkar sååååå stor forskjel på dei vekene eg tvingar meg sjølv til aktivitet (og det er jo alltid kjekt og energifullt, det er berre den dørstokkmila (eller sofamila) som må bekjempast!), og dei vekene eg let meg sjøl daffe. Og eg har det såååååå mykje betre dei vekene eg er aktiv. For det er ikkje det at eg vert meir opplagd av å slappe av heller, nei heller tvert i mot!

 Utsikta mi frå sofaen;)

 Alternative metodar for å få sove når eg faktisk skal...Dette vart ikkje noko suksess for min del...

 Litt jobbing frå sofakroken har det blitt dei to siste kveldane.

Dagens middag: sunt speltbrød, mykje sunn salat og sunne fiskekaker (med ost- og baconbitar). Og så mykje usunn ekte majones på toppen...Ja, eg er svak for det usunne av og til;)


Det er så ubehageleg å vere så sleta i haudet, og ikkje så veldig sleta i kroppen...Så i helga er Friskusaktivitetar allereie planlagde, no skal eg bli sleta i kroppen; hestane fredag (kanskje ein ridetur saman med Spreking Raudi og?), fjelltur til stølen vår Raufjell, med overnatting fredag-laurdag, lang dagstur på sykkel saman med Friskus Rand laurdag og søndag er enno open:) Stay tuned for ei meir frisk oppdatering etter helga!;)

søndag 3. juni 2012

Sånn cirka halvfriskus

Ikkje så voldsom Friskushelg dette....Men det kan ikkje alltid vere "fullt kjør" heller...Fredagskvelden vart det kun sofasløving, og eg merka at kroppen kjempa mot ein byrjande forkjølelse. Når eg sto opp laurdag var dette gløymt, men etter å ha kome i gong med den planlagde jogginga merka eg fort at dagsforma ikkje var på topp. Eg fekk gjennomført ein av mine kortare turar på nesten same tid som eg brukar, men det var ikkje akkurat nokon nye rekordar i sikte denne dagen;) Men litt eksplosiv styrketrening for rumpe og lår vart det opp i gjennom rørgata likevel. Å jogge i denne stigninga er utruleg tungt, men så utruleg tilfredsstillande og!

I dag tok eg og Spreking Raudi oss ein frisk tur opp rørgata, til Leite, til Timehaug og nedatt den vanlege vegen frå Leite. Sjølv om vêret var ruskete var det utruleg kjekt og forfriskande å få lufta kropp og sjel i flott natur og saman med godt selskap!:)

 Friskt, kaldt fjellvatn er noko av det beste!

På ein måte fargerikt sjølv på ein gråvêrsdag i ei "gråsteinsur".


Nerdefakta søndagstur:
Lengd: 7,43 km.
Tid: 1 time og 55 minutt.
Total høgdestigning: 468 meter.